tirsdag 27. mai 2014

Det oppleves som eit lite eventyr for oss. Ei reisa.

Det er nesten som om tanken, "ja sjølvsagt" kjem til meg.
-når dette tok i mot oss i Agatunet på søndag.
I dåp til vår Alfred.
For det er i møtet med uterommet,
 og med det vidunderlige nye liv
-at eg tenkje at det er noko som er større.
Noko som er ubegripeleg.
Noko som er i det gode.

Og ei av mine finaste  las ut,
til oss.

Frå dette,
dette vakker,
kom vatnet som forsiktig rørte ved vår son,

Syriner.

Også bror,
min.

og barnesong og blåseinstrumenter og fjelltoppar med snø og hus i klynger

Og son,
min.
Som kvilar seg i korg,
i skuggen av gullregn og historiske hus.


Born av Sørfjorden.
I lukka.

Krinsar rundt og om,
det nye liv.
Våre finaste.

Også kom besto mi.
Ho er meg så kjær,
me sov ved sida av kvarandre.
-i sengkler med syriner på.
I midten den nyaste,
Alfred.

Også Utne Hotel,
pynta til fest.
Sjølvsagt med fotografi.

Bordkort = bilde av kvar gjest.

Det oppleves som eit lite eventyr for oss.
Ei reisa.

Heima etterpå opna med champangen,
fekk ei fin på besøk.
Satt på trappa i mainatta drakk bobler og synes sjølv at me hadde fått noko heilt spesielt med oss.

onsdag 21. mai 2014

Festdag.

På søndag er det festdag for oss, Alfred sin dåp. Me er så heldige å få oppleve at den skal vera ute i Agatunet, som er eit gamalt klungetun, festen skal stå på Utne hotel, -som er eit nydeleg gamalt hotell frå 1722.
Me gler oss til å vera i lag med venner og familie.
Besto kjem.

Bildet er frå tidlegare i vår, søskenbarnstas.


Stemning frå Agatunet

tirsdag 20. mai 2014

Tre fine ting:

Skjeva laga til av ei av mine beste,
når ein er sulten og kjenner seg litt nede

Sjå glad bursdagsjenta glede seg til å komme i barnehagen med dette fatet.

Når venn fortell at når løvetannfrøa slepp taket,
slepp også våren taket for å ønske sommaren velkomen.


Kva synes du er fint nett nå?

Her inne på bloggen har det aldri vore meir besøkande,
men de er så stille?
-det er alltid kjekt med tilbakemeldingar.
Heisann og godnatt herifrå

mandag 19. mai 2014

Det er mykje som gjer bursdag godt.

Me har feira 4 års dag med utebursdag og bamsemuffins.

Det store opne uterommet er det lite som kan måle seg med,
når det gjelder selskapslokaler.

Jubilanten med heimalaga eplesaft om halsen,
ein styrkedrikk som alle dei 7 gjestene fekk.

Kjenne vind i håret av sin eigen fart.


Site på stein å ete nyspidda pølse med god venn.

Det er mykje som gjer bursdag godt.

søndag 18. mai 2014

Eit brev frå ei mor i vest:


For eit par veke sidan forfatta eg dette brevet, til politikkarar her i heradet vårt. Det som møtte meg var så uproft, at ein gnist blei slukt. Brevet blei sett på som ei enkelt klage frå meg og ei kjensla om snakk over kaffikoppen blei gitt meg. Som om sonen min, Alfred og eg, -trengte tettare oppfølging i den tenesten som eksisterar, at me var svært misfornøyde. Det var aldri meint som ei klage på vår spebarnhelsesøster, for ho likar me svært godt. Men i heradet vårt er det tilsett fira helsesystre, men ingen brukar kontoret fast her vest. Vårt herad har ca 3500 inbyggarar. Sørfjorden deler heradet i to. Me bur på den sida av fjorden som har 40% av innbyggartalet. Kanskje du kjære lesar, kan skrive kva du synes om denne saken. Det vil varma. Utkant Noreg - helsepolitikk.


Eit brev frå ei mor i vest:

                                                                                                                                    12. mars 2014
Det er mange ting i ein liten kommune ein forventar er rettferdig.  Ynskje er at alle skal kjenne seg velkommen og likestilt. I kvardagen, og i møte med offentlege tenestar.
Kanskje er den aller største bragda i livet for ei kvinne å setje nytt liv til verda. For  faren til barnet kan det å vera å få vera tilstades når dette skjer, vera den største opplevinga i livet.  Saman ønskjer dei få dagar etter fødselen å kunne bringe familien, med det heilt nye barnet, heim. For å kunne kjenne at systemet virkar, at det er rom å komme til for å få hjelp. Hjelp og råd til alt det som skal på plass: Amming, vakenetter, søskensjalusi, foreldrerolla m.m. Dette rommet er kanskje ekstra stort i små lokalsamfunn. Kor barnet er alfa og omega for at samfunnet skal fungera og utvikla seg.

Her i Ullensvang vest opplever eg det på ein annan måte. Desse tinga fungerer ikkje likt i heile heradet vårt. Fødande i Ullensvang aust vender seg mot Voss sjukehus og kan komme seg der på under ein time. I Noreg vel ein fritt kor ein skal føde sitt barn. Odda mister fødsler, og det er talet på fødslar i løpet av eitt år som viser om det er behov for fødestove ved eit sjukehus.  Difor har Odda mista si fødestova.

Fødande i Ullensvang vest vågar ikkje å velje Voss sjukehus, for ingen veit når barnet kjem. Ferja sluttar å gå rundt kl. 22.00.  Ein må først til Odda sjukehus for å bli undersøkt,  for så å reise i ambulanse til Haugesund. Ligge fastspent med tre selar over den høggravide kroppen. Spenninga og redsla i heile kroppen er tilstades. Ein kan ikkje røre seg, er jo i ein bil i ei hard lita seng. Forventningane. Lukka. Alt utan din kjære, for han er det ikkje plass til inne i ambulansen, hans viktige nærvær er i ein bil lenger bak. Han har også fått beskjed om å ikkje prøve å følgje ambulansen om farten går opp. Han kan altså miste heile opplevinga av å vera tilstades når hans barn bli født.
  Kanskje ein er ein av dei heldige som når fram, etter eit par timar på noko som skal prøve å likna på ei seng. Utsliten og trøtt i den høggravide kroppen. Vil ha sin kjære nær seg, må vente for han er ikkje komen fram enda –til sjukehuset. Barnet kjem, det er heilt perfekt. Haugesund sjukehus viser profesjon og gir tryggleik. Men din kjære kan ikkje få mat her, ei heller kan han få ei seng. Finn eit hotell, vera tre timar heimanfrå – ordna deg nå. Ein heller ikkje vente besøk frå det barnet på tre år som sit heime og skjønnar lite, men veit at ein stad langt der ute er mamma og far og vetlebroren. Kan ikkje komme på besøk, det tar over tre timar ein veg, og du er berre tre år. Det blir for mykje kjøring på ein så liten fin kropp. Mamma kan også kjenne treåringen sine små nevar om halsen, når ho opplever dei andre barselskvinnene sine barn kjem med full energi inn i rommet. På besøk, for å sjå det nye liv. Si søster eller sin bror. Det blir tårer av slikt. Ullensvang vest ligg så langt ute på grensa som det er mogeleg  på Helse Fonna sitt kart, som ein finn i gongen på sjukehuset.

Det er ein mogeleg å flytte barselstida til Odda sjukehus, men av erfaring så var det ikkje greitt. Det var ikkje greitt å ikkje møte nokon andre barselkvinner. At det var heilt stille. At det ikkje var nokon på vakt om natta. At det var ein anna avdeling som hadde ansvar for føden. Mange har snudd ryggen til Odda sjukehus.  Kvifor veit eg ikkje.   Det er i Odda vi finn vårt sjukehus.                                           Eg ville vore stolt over å ha fødd mine barn der inne i industribyen.

Så kjem ein heim, til huset og heimen og den ventande treåringen. Som har kanskje venta litt for lenge, for kor har mamma vore? (Mitt opphald varte i 5 dagar i Haugesund) Og ein ventar at her, i vår vetle kommune, er det god kontakt mellom helsetenesta og den vetle og deira foreldre. Men det er ikkje nokon ”stikkinnom- kontakt”.   Det er ikkje enkelt å nå helsesystera, for ho er på Utne helsekontor berre ein dag i veka, tysdag. Og den dagen er full. Kom til timen. Du kan ringe. Og du kan reise ut å vege ditt barn sjølv.  Ammeproblem, barnet skrik høgare, det er elska høgt. Bera nær hjarta, time etter time. Kjenne på kreftene til den litle kroppen. Snart må få kvila. Reiser heim til heimbygda ( eg er tilflyttar og kjem frå ein kommune med liknande kommunestruktur som Ullensvang, med to bygder, eg kjem frå den med minst innbyggarar, kor totalen på innbyggarar i kommunen er 3600) ringer helsesystera. ”Kom ned med ein gong du, eg er her. Kvar dag.” Opplever ein open kontordør og kaffi på kjelen. Kanskje andre mødre med små nye barn i fanget i sofaen. Får sms med spørsmål om korleis det går, og faktisk kjem ho oppom barndomsheimen min på kveldstid. –for å fjølge opp. Var så takknemleg, så rørt – at det er mogeleg. Å få så god hjelp, og ikkje kjenne seg mislukka. Heimatt til Sørfjorden. Veta at eg har 6-vekers kontroll med vetleguten den 11/3. –då fekk eg beskjed at me skulle fyrst til helsesøster og så til legen. Det var standaren på 6 vekers kontrollen. Såg fram til det. Vetle guten og eg hadde alt vore igjennom så mykje sidan sist, då var han 4 veker. I dei to vekene hadde eg prøvd å minske melkeproduksjonen (etter å ha lest på internett, fann eg ut –her må det vera for mykje melk. Han stressar og får ikkje ned maten.) Me har fått hjelp av helsesøstera i barndomskommunen, ho visste råd om mjølk og trøst om barnet og mamma. Og ho viste til manuellterapaut, to behandlingar på Os.  Og ein liten gutt som griner mykje mindre) Så ringer telefonen, det er frå Helsesøsterkontoret i Ullensvang, ho kan ikkje møta oss på 6-vekers kontrollen. Ei heller legen. Så det blir utsett til 25/3 kl 13:00. Eg spør:”er det ikkje muleg å få komme til litt før, det er 14 dagar til” Svaret er at Helsesøstera skal ikkje til Utne før denne dagen. Men ”kan eg då få komme til litt tidelegare på dagen? – det er ei litt dum tid for oss?” Svar i andre enden: ”Nei, det er ikkje muleg. Dagen er heilt full” ”OK, svarar eg – me vil ikkje trenge oss inn i det som er fullt”. Det kjennes merkeleg og trist at det er for fullt  hos helsesøstera i Ullensvang, eit herad kor det blir fødd i snitt 30 barn i året. Det er ingen stikk-innom, open dør til eit koseleg kontor med barneteikningar eller kaffi på kjelen som ventar oss her i Ullensvang vest. Ikkje veit eg korleis det er på austsida, men meir tid trur eg at det er. For Helsesøstera brukar i alle fall ikkje opp tida si her vest.

Heldige oss, som på fredag fyller bilen med småtassar og reiser mot sør. For å kunne veta at på måndag er det eit helsesysterkontor som har døra open, om det skulle vera noko sånn på tampen med eit heilt nytt menneske i familien. 

mandag 12. mai 2014

"musikk frå byrjing av livet"

Alfred og eg går på "musikk frå byrjing av livet"
og sjeldan er eg med på noko,
-som har så mykje varme i seg, som me opplever her.
Bygda eller bygdene som ligg langs fjordarmen er små,
det kjem ikkje så mange småfolk til.
Og her inne i songen og det oppvarma kyrkjerommet blir me møtt med noko av det beste i livet,
kjærleik og musikk.
Desse torsdagane er som ein skatt,
med harpespel og lappeteppe,
vakre tekstar, meiningsfylle lydar,
gode hender og nysteikte vafler.

-som du skjønnar så kan eg ikkje rose nok,
desse to fine som gjer dette mot oss.


søndag 11. mai 2014

-i strømpebukse og joggesko.

Tenkje det er lykke å reila
-i strømpebukse og joggesko
i sol på ein laurdag.

tirsdag 6. mai 2014

Dele eit måltid, snakke i lag, sjå kvarandre, få innblikk i det som er nå.

Det er ekstra kjekt å servere tilbered mat, når resultatet er vakkert.
-var svært fornøyd med det rustikke utrykket som kom fram i denne sitronterta.
Sitroner er i god sesong nå,
så dette kan ver eit god tips. Passar til bobler og kaffi -om du spør meg.

Me har hatt besøk,
det er ofte så godt å samle seg fleire om bordet.
Dele eit måltid, snakke i lag, sjå kvarandre,
få innblikk i det som er nå.
Og ofte kjenne seg heldig, som har gode mennesker om oss.
Baka grytebrød, -det er noko eg ofte gjer når me ventar besøk.
Ein enkel og svært godt måte til eit godt måltid.

Elles er mai svært velkomen,
1. mai feira me med tog i Odda.
Felleskapkjensla i alt det raude,
såg eg gjor godt på oss alle fira.
Me gjekk under desse fanane:
"Hardanger utan bonden?"
og
"Stol på læraren"

Feira du 1. mai?

søndag 4. mai 2014

Håpar eg aldri gløymer det, at eg treng andre for å sjå betre.

Ofte tenke på kor ubegripeleg det er,
at denne litle karen er her hos oss.

Små nevar kjem ofte med blomar til meg,
det er så mange fargar ute nå.
-tenkje at me blir lettare i oss sjølv med alt dette lyset,
og det store spekteret i fargenyansar

På fjernsynet såg eg ein dokumentar med ei samisk kvinne,
kom midt inne i programmet, utan å veta så mykje om kven og kva.
Det var så fint, ho var så reflektert i sine svar,
etter det var slutt skreiv eg dette ned:

"toleranse kjem gjennom erfaringar med andre"

Håpar eg aldri gløymer det,
at eg treng andre for å sjå betre.

lørdag 3. mai 2014

"eg jobbar med: mold, blomar og eple" svarar ho meg

Ho kjem inn som ein vind,
eg spør:" Ka har du gjort?"
"eg jobbar med: mold, blomar og eple" svarar ho meg
Etterpå inne, er det familielivet som står i fokus.

God helg godt folk.


fredag 2. mai 2014

Boktips for småfolk.

Desse bøkene er ein stor favoritt i heimen her,
Anna Margrete kjenner seg godt igjen i tematikken bøkene tar opp,
-som eg.
For her møter me Kanin og piggsvin som saman erfarer korleis det kan vera å vera menneske.
-for kor godt er det ikkje å kunne sei unnskyld, eller å dela, eller seie stop om nokon kjem for nær.
-fleire av bøkene tar utgongspunkt frå barnehagen, men også frå heimen.
Bøkene kjem i ein kasset på ti bøker og er absolutt vert å sjekka ut.
Også er dei oversatt til nynorsk.
Forfattaren heiter Linda Palm.