mandag 3. mars 2014

Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv: "gleda er mest altfor stor til å bera"





Glimt frå dagar i februar.
Alfred vår vil mest berre ligge tett tett inntil,
kjenne varme, kjenne rørsle.
Some dagar har det blitt for mykje gråt,
for mykje for den litle fine gode kroppen.
-det ser nå ut til å vera ei opning, at han skal få kvile seg meir.

Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv:
"gleda er mest altfor stor til å bera"

-at i den linja ligg alt.

Når eg kjenner guten vår inntil meg, kjenner på krafta i at han er komen,
at han er.
-kan eg ofte tenkje:
Eg ønske deg så sterkt, nå må eg klare å vera her for deg.
Verne om. Gi. Beskytte.
Fyrst og fremst med
Kjærleik.

-det går så djup, det synker inn og ned og djupare og breiar,
og veksande, tidvis eller nesten alltid for stort til å tenke lenge på:

eg er mamma til to.

Er du i desse tankane?
Flyt dei i deg?

2 kommentarer: