tirsdag 28. januar 2014

Primulapleddet.

Arne og Carlos har også inspirert meg, den nye boka "håndarbeid i hagen" gjer godt for auga,
det er derifrå oppskrifta til dette teppe kjem frå. Primulapleddet.
Teppet heklar eg med nøstebarngarn, likar så godt fargane og tekstur som er i det,
det kjem nok av at det ikkje er så behandla som andre garn. Også ein fordel.

Driv du på med handarbeid?
Vis meg, det gjer meg glad.

mandag 27. januar 2014

Nå kvardagen er i forandring.

Nå kvardagen er i forandring

er det godt å setje fokuset
på noko som gjer godt

som å grille pølser i eldhuset,
saman med gode venner

Og berre håpe på at han som skapar forandringa,
sev sin beste søvn

Og at alt det andre er som det er.


søndag 26. januar 2014

-heile kjensleregisteret er i bruk, riv i det som er.

Tenk at eg er her i livet nå.
Kjenner meg takknemleg.

Inne i dette,
som er så mykje,
så ubegripeleg.

Er eg så glad for at det er nå,
eg opplever å vera småbarnsmamma,
at det har vore så mykje himla bra også før,
som student i fine byar som Stavanger, London og Bergen.
At fotografiet framleis veks,
at det er venskap som gir og utfordrar ulike lag i relasjonen,
at det ventar ein jobb etter å kunne ha permisjon heilt til august 2015,
kjenne på at det ligg ofte tryggleik i eigne val
at det å vera tilstades er noko eg prøver å vera tydleg i

Denne lista kunne vekse seg svært stor,
-og det er sikkert sånn at det oppleves som det rette valet,
når det skjer. Det å bli mamma.

33 år og mamma,
bring it on:
gledeshyl,
skrikerunger,
kjeftemamma,
luresmil,
sintetramp,
hjertehopp,
grinemor
leisegkropp

-heile kjensleregisteret er i bruk,
riv i det som er.

Er du mamma?


torsdag 23. januar 2014

Det er komen ein liten heilt ny gut til gards.

Det er komen ein liten heilt ny gut til gards.
Me er så stolte.
Det er så fint, det er så volsomt,
det er magisk,
det er netter som blandar seg med dagar,
det er såre brystvorter,
det er storesøster som fort ligg oppi vogga i lag med litle broren,
det er nye lydar, -lyttar ikkje til musikk desse dagane,
lyttar til desse nye fine skjøre lydane av han som er heilt ny og store søstra som er meir som ein vind av energi,
Me kjenner oss heldig,
prøver å holde fast i det som er.
Å vera.


fredag 3. januar 2014

Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

Dei som kjenner meg,
veit at dette med lappeteppe er noko som fasinerar meg stort.
At desse teppa kan lesast på så mange ulike måtar,
korleis ein treng mange lappar for å få det til å vekse,
korleis det kan vera symbol på så mangt.
Menneske i ei bygd.
Fellesskap.
At det å vekse tar tid.

Også oppå det heile så varmar dei.
Å  lage noko som gir varme til andre.
Ull er gull.

Enklare samarbeidsprosjekt skal ein leite lenge etter tenkje eg ofte:
Dette teppe er eit samarbeid mellom mor til min kjære sambuar og eg.
Det er ei gåve til Anna Margrete sitt kjære søskenbarn Gaute.
Han bur på hi sida av fjorden og blir snart 8 heile år.

Sjå også her

Det kjennes godt å pakke inn noko som er laga
i fellesskap for å varme nokon ein likar veldig godt.

Har du lappeteppetankar?

onsdag 1. januar 2014

Godt nytt år kjære lesar. -med håp om at 2014 blir eit år med mykje Glede.




Godt nytt år kjære lesar.
Med håp om at 2014 blir eit år med mykje
Glede.

Året sin siste dag blei brukt i lag med gode venner.
Me er så heldige å ha venner som det gjer godt å vera i lag med,
som har plass til mykje av oss.
Ei veldig fin avsluttning.
Desse fjosnissane kunne du og andre har møtt på langs vegen her,
for oss sjølvsagt dei finaste.

Har du håp for 2014?