Så i desse dagar er dette ein vidunderleg pause, gode folk og heimelaga skuleboller. Har du ein pause-favoritt for tida? |
torsdag 28. november 2013
Har du ein pause-favoritt for tida?
Etiketter:
Vinter2013
mandag 25. november 2013
Dekkar du ditt bord?
Også kjem helgene, her har Anna Margrete laga frukostselskap til dukka Lisa og seg sjølv. Rigar seg til, pyntar og utforskar maten. |
Fint. Ho likar også å gjere bordet fint før måltid. |
Eplesaft frå eigen gard. Svært lite kan måle seg med det. Sjølv om suget etter å fylle munnen med kraftig raudvin i lag med veninner tikkar innom tankerekka mi, sånn av og til. Dekkar du ditt bord? |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 18. november 2013
Synes du november er ein god stad?
Etiketter:
Hausten2013,
ventetid
lørdag 16. november 2013
Drikk kaffi og ser inn i dette.
Sist helg hadde med finfint besøk. Min kjære bror med familie. Eg har ein bror, og han er veldig viktig for meg. Så på bilde: ein bukett fantasisk gjeng! |
Steiker lappar for å ete ute, mat som blir ete ute oppnår på ein måte nye dimensjonar. Det meste blir så mykje betre, stemninga, bålet, uterommet og ikkje minst tida i lag. |
Mi besta jenta i fjorlandskap. -i ull sjølvsagt. Genseren er strikka av mi tanta, og den brukte eg som lita. Framleis like fin. Stas. |
Og min kjære kokar kaffi, i ullgenser frå Island. Dette ullet har heilt spesielle eigenskapar, sidan det er så kraftigt held det også ute fuktigheit, og gir varme i store mengder. |
Det oppleves som lykke på mange måtar. |
Drikk kaffi og ser inn i dette. Håpar du har ein god laurdag! Er du ute i haustdagane? Er ull på kroppen viktig for deg? |
Etiketter:
Hausten2013
søndag 10. november 2013
24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.
Sist helg var me på ein 24-timars ferie, huset me budde i var over 100 år, høgt under taket og frittgåande sauer utanfor, og strikkasokkar inne. |
Å komme til varmt hus, bli servert var betasuppe, -er eit stykke god lykke. |
Me veks i lag, det heilt nye inne i meg og det som er mitt. |
Det er mange måtar å vise på at ein er glad. Hoppe i senga er ein. |
Hekle på senga er ein anna, i morgonlys med tekopp på nattbordet. |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 4. november 2013
Det er det aller finaste eg kunne fortella akkurat nå.
Me er så heldige, som er blitt valgt på ny. At det veks inne i meg, at nokon er inne i meg og varmar seg. Veke 31. |
Etiketter:
kjærleik
Abonner på:
Innlegg (Atom)