tirsdag 31. desember 2013

Ein favorittkrok, 2013 sin siste post her på bloggen.

2013 sin siste post her på bloggen
vel eg å vise ein favorittkrok frå andre
sin heim.
Her frå kjøkenkroken til mi
gode fina veninna Kjersti.
Så levande, så fargerik, så personleg.

2014: Du er velkomen.

tirsdag 24. desember 2013

-med ynskje om Juleglede og Nyttåarsfred.

-med ynskje om Juleglede og Nyttåarsfred.

Håpar du har det godt der du er.

mandag 23. desember 2013

Den beste julelunsjen ser sånn ut:




mandag 16. desember 2013

Tusen takk for fine kommentarar.

Tusen takk for fine kommentarar.
Det varmar,
kvar einaste ein.
-det er dei som gjer at det rører seg,
at det er rørsle.
Du,
TUSEN TAKK.

søndag 15. desember 2013

Det er ventetid, her på garden er det ventetid på fleire måtar.

Det er ventetid,
her på garden er det ventetid på fleire måtar.

Eg skal att få oppleve å bli mamma,
tenk at det kjem til å vera to,
to som kaller meg mamma.
To ulike småtroll å undre seg over.

Strikkar litt, det går sakte.
Mykje går sakte.
Utanom Anna Margrete,
ho rørar seg fort,
-på så mange måtar

Annabella og eg vil ofte kvila,
sova litt.
Vekse litt.

Nokre dagar var rett og slett så fine,
nå er det bare vegar att.
Og meir mørke, det er også veldig fint.
Ynskje mørketida lenger,
sola snur snart

Lagar julekort med eple- og potettrykk

Denne jakka heng framme,
ei gåve frå god venn og kollega.
Kjenner meg heldig,
nokon brukar av si tid på å varme
vårt barn.

Sjølvportrett i spegelen,
det er eg som er husfotografen.
Mange heimar har ein husfotograf,
så dokumentasjonen kan gå føre seg som her,
i spegelen.

Di ventetid?

lørdag 14. desember 2013

.


torsdag 12. desember 2013

Å vera den som opnar opp og tar i mot.

Å ha bursdag i tidleg desember,
er noko eg likar svært godt.
Det passar på ein eller anna måte så godt
å inviterar gjester inn.
I romma ligg det ekstra varme,
som luktar av ved og kanskje røykelse.

-det ligg jo også ein tydeleg sårbarhet i dette,
-med å invitere inn.
Vera vertinne.
Den er der også til å kjenne på,
 å også sjå seg sjølv sånn,
i den som opnar opp og tar i mot.

Kva gjest fekk ei lita notatbok,
til tankar om og i det nye året som kjem.

Kva månad er din månad?

tirsdag 10. desember 2013

Liv som varmar liv.

Denne jenta,
som oftast svært klar for nye eventyr.
Pakkar sekken fort,
tur opp i stova, ut og opp i hagane, kanskje til butikken.
Sjeldan nei til forflyttning.

Anna Margrete si tante er frå Island,
derifrå kjem også den fine jakko hennar.
-ho er faktisk eigar av to jakker i dette flotte mønsteret og gode ulla.

Jula er på veg inn her hos oss,
me kjenner at det gjer godt.
Inne i meg veks det, å kjenne liv,
å dele kropp.
Så magisk, så volsomt, så spennande.
Liv som varmar liv.

Du og ditt?

fredag 6. desember 2013

Viser meg verda.

Mørketid og førjulstid.
Ein svært god kombinasjon.
Godt å samla tankane, vera i det som er.
Kjenne på lengt etter menneske som er svært viktig,
 men ikkje er her i kvardagen.
Vera mamma til ei som oppdager snøen, nissen og lys på ny.
Viser meg verda.

Dei flotte lyktene er laga i fjor av dei fine elevane på skulen som eg jobbar på.