torsdag 28. november 2013

Har du ein pause-favoritt for tida?

Typisk god pause.
Venner, sol og boller.
I denne graviditeten har eg svært ofte lyst på heimelaga skuleboller
med melis. Her inne i bloggverda seg eg fleire bakande menn,
min kjære er ikkje av den bakande type,
så om det skal bli boller. -må eg rett og slett baka dei sjølv.
Det beste med å vera ein gjeng er jo det å ha nokon å dele med.

Så i desse dagar er dette ein vidunderleg pause,
gode folk og heimelaga skuleboller.

Har du ein pause-favoritt for tida?

mandag 25. november 2013

Dekkar du ditt bord?

Kvardagsmiddag. Prøver alltid å dekke bordet litt fint, tenne lys.
Prøve å gjere det til ei fin samling av oss tre, snart fira.
Dette er noko som eg har med meg i ryggsekken frå mamma mi.
Ho steller i stand så gode bord å komme til, tenner lys og har aldri panna på bordet. -det kan eg ha, men ikkje ofte. Maten fortener å komme i eigen skål, men så er det oppvasken.
Av og til vinn: mindre oppvask.
Dette er noko eg proiriterar, me som familie har ikkje faste aktivitetar meir enn ein dag i veka.
Det er nett passeleg, så godt å veta at ettermiddagen har tid.

Også kjem helgene, her har Anna Margrete laga frukostselskap til dukka Lisa og seg sjølv.
Rigar seg til, pyntar og utforskar maten.

Fint. Ho likar også å gjere bordet fint før måltid.

Eplesaft frå eigen gard. Svært lite kan måle seg med det.
Sjølv om suget etter å fylle munnen med kraftig raudvin i lag med veninner tikkar innom tankerekka mi,
sånn av og til.


Dekkar du ditt bord?


mandag 18. november 2013

Synes du november er ein god stad?

Ute har dagane vore litt sånn i det siste,
eg likar det.
Likar å høyre regnet slå mot vindauga,
kanskje kjenne på lukta av vedfyring før eg har stått opp.
Veta at det er godt å gå ut,
kjenne på det friske,
sjå korleis trea gjer seg klare til å gå i kvile,
korleis fargane endra seg
og
kanskje heile vegen ha ein liten neve å halde i.

Sjå venner ete nysteikte boller og sjå på fantorangen,
det er godt å vera i lag- og kjenne på at det er tid.


Tusen takk for fine kommentarar,
det varmar og at der alltid så kjekt å lesa.


Synes du november er ein god stad?

lørdag 16. november 2013

Drikk kaffi og ser inn i dette.

Sist helg hadde med finfint besøk. Min kjære bror med familie.
Eg har ein bror,
og han er veldig viktig for meg.
Så på bilde:
ein bukett fantasisk gjeng!

Steiker lappar for å ete ute,
mat som blir ete ute
oppnår på ein måte nye dimensjonar.
Det meste blir så mykje betre,
stemninga, bålet, uterommet
og ikkje minst tida i lag.

Mi besta jenta i fjorlandskap.
-i ull sjølvsagt.
Genseren er strikka av mi tanta,
og den brukte eg som lita.
Framleis like fin.
Stas.

Og min kjære kokar kaffi,
i ullgenser frå Island.
Dette ullet har heilt spesielle eigenskapar,
sidan det er så kraftigt held det også ute fuktigheit,
og gir varme i store mengder.

Det oppleves som lykke på mange måtar.

Drikk kaffi og ser inn i dette.

Håpar du har ein god laurdag!

Er du ute i haustdagane?
Er ull på kroppen viktig for deg?

søndag 10. november 2013

24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.

Sist helg var me på ein 24-timars ferie,
huset me budde i var over 100 år,
høgt under taket og frittgåande sauer utanfor,
og strikkasokkar inne.

Å komme til varmt hus,
bli servert var betasuppe,
-er eit stykke god lykke.

Me veks i lag,
det heilt nye inne i meg
og det som er mitt.
Det er mange måtar å vise på at ein er glad.
Hoppe i senga er ein.


Hekle på senga er ein anna,
i morgonlys med tekopp på nattbordet.
Også var det fest,
for ein ny liten diamant.
Me pynta oss i finstasen,
så glade for å vera invitert for å feira ein så fin liten gut.

24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.

God søndag godt folk.


mandag 4. november 2013

Det er det aller finaste eg kunne fortella akkurat nå.

Me er så heldige,
som er blitt valgt på ny.
At det veks inne i meg,
at nokon
er inne i meg
 og
varmar seg.
Veke 31.

Finaste jento vår,
som er i full blom,
så levande, så ekta.
Ho er i dette i lag med oss,
på sine måtar.
Ho perlar armband til babyen,
ho gjer plass i bilen,
ho finn klede fram,
ho ventar
så godt,
på sine fine måtar.

Det er det aller finaste eg kunne fortella
akkurat nå.