fredag 24. mai 2013

Me har feira

3 år og klar for fart!

Etter festen såg bordet litt sånn ut.

Lukka låg utanpå

Eit fint favoritt søskenbarn!

Her i ventemodus før gjestene kjem til gards

Vindauget vart pynta kvelden før,
i vente på ho som blei 3 heile store fine år!

onsdag 22. mai 2013

Det var alt anna enn stengt, det var ope

Det var alt anna enn stengt,
det var ope
i landskapet
i møtet

Mitt søskenbarn Vilde sto konfirmant,
tidlegare i mai.
Ho og familien inviterte til fest
på Tungenes fyr.


Det var rett og slett ein nydelig fest.
Så god mat,
så mange gode mennesker
så vakker landskap
Det gjer noko med ein,
å møte noko som er så stort,
så ope


i vakker raud brokade
på veg mot framtida

: å vekse opp i dette,
kva gjer det med oss?

Landskapet.

Vinden som kjem frå stor havet,
og inn til oss

Så vakker!

Så heldig!

Her var festen,
og eg elskar rett og slett hus
som har gjennomstraumningar av lys.
Tenk å stå utanfor og kunne sjå igjennom,
og så ut att

Eg møte opp i ulike mønster,
og får blanda tilbakemeldinga.
Bunad har status.
Også er det jo så flott!
Eg likar moglegheitar.


Ein Nydelig fest!
-eit sterkt og godt minne.


Kva landskap vel du deg?

Dragen frå Lamaze kjem til gards.

Denne flotte fargerike dragen frå Lamaze kom i post til oss for ei lita stund sidan.
Den er mjuk og morsom og den har mange små spennande detaljar.
Litle Una Christina synes det var eit så interessant dyr,



at ho tok eit godt tak,
for å undersøka den litt nærmare.
Så kjem søskenbarnet i fyll fart.
Ho vill også ha kontakt.

Om du ynskje meir informasjon om desse
fargerike leikene,
sjå HER

torsdag 16. mai 2013

Me laga til 3 års kalas i løo.
Utejenter likar uteliv.

Så dette var perfekt!
Egenprodusert eplesaft, gulasjsuppa
og grytebrød var på menyen.
-og det falt i smak hos store og små.

Anna Margrete vår,
var så glad.

Kake var det også,
med lovnad om at sommaren er på veg.

Søskenbarnlukka.


For oss: verdas finaste 3 åring!


Det var ein knakande fin dag!



God 17 mai godt folk!

mandag 13. mai 2013

Invitasjon til 3 års kalas!

15.05 blir verdas beste Anna Margrete 3 nydelige år!
På fredag var det stor fest, her er invitasjonen som blei sendt ut.

søndag 12. mai 2013

Sylvanian familie kjem til gards.

Dette kom i posten til oss.
Eit hus, ein heim for små søte dyr.
Kaniner, mus og eit lite ekon.
-med fines små kler, så fine detaljar,
hull for halen, sløyfe og vest.

Og ikkje minst mat.
Og steikepanne, bord og stolar.

Dei små nevane til Anna mi var ultra ivrige etter å bli kjendt med
dei ulike dyra frå Sylvanian familiane.
Her er det står ei lita kanin på skøyter,
ekstra fint var det at Anna Margrete klarte sjølv å ta på og av skøytene
til dyra. -som også var passeleg til alle.
Så har er det berre til å skøyte seg igjennom stova.





Velkomen til bords.


Hysj, nå sover alle dei små søte dyra i Sylvanian familien som bur her på garden.
Sjekk ut meir om denne fine dyreverda her. 

mandag 6. mai 2013

Ull.

Villemo ventar på sauene som kjem, ho viser med heile kroppen at ho er oppglødd over å ha kontakt med dei.
Ho strammer seg, hyler i fryd, så glad så ekte. Så levande.
Det er vidunderleg, denne intense gleda over livet.
Så klar, så open.

Villemo har også ei besto som er ein raser på tynne strikkepinnar, ho strikkar dei vakraste kreasjonar av ullet. Som den fine fine jakka Villemo har på seg her.

Ulltøyet er ikkje pakka vekk her i huset, snøen ligg lågt nedover nuten rett utanfor vindauga.
-men me ventar intenst på våren, som kjem med grønare grass og varmare luft.

Ventar du?

onsdag 1. mai 2013

God 1. Mai Godt Folk!

God 1. mai Godt folk!

Flagg er ute og blafrar sterk i vind,
inne er det deig på heving,
heil kylling i ovnen,
hummus klar i kjøleskåpet.

Me jentene feirar 1. Mai med det gode liv,
tid til kvarandre og går tur og høg musikk.
Bonden vår driv på,
naturen lar seg ikkje vente på.
-mykje skal vera klart til våren kjem med stor sol.

Sein middag.

Du og din 1. Mai?
-så heldige me er, som har forfedre som har jobba for denne dagen,
så me må ta godt vare på den.