tirsdag 30. april 2013

Trappemåltidsesongen er starta.

Trappemåltidsesongen er starta.
Det er lukka det.
Laurdagmorgon inviterte me Olav, Nora og Linn
på frukost alt kl 09.00,
det går fint når nokon synes det er heilt ok å starte
dagen 06.10

-men kva gjer det,
når det er stor sol ute
og ingrediensar inne til å lage varm
kakao
med sjokolade,
alltid med sjokolade.

Driv du på med trappemåltider?
Er uteetsesongen din starta?

Lappeteppe og smak av vår.

Dette lappeteppet er i skrivande stund heilt ferdig montert
og den flotte bursdagsguten har fått det.

Det er søskenbarnet til Anna Margrete som nå varmar seg med det.
Han heiter Anve,
 og
bur på hi sio av fjorden.

Anna Margrete er svært glad i Anve,
ho veit at det er Anve sitt teppe,
trykker det godt innåt seg.

Teppet er eit samarbeid mellom besto til Anve,
min sambuars mamma og eg.
Ho strikka,
 eg hekla og monterte.
Veldig kjekt.

Denne laurdagen var det vår,
i dag ligg nysnøen låg.
I morgon er det 1 mai.

God tysdag godt folk.

fredag 19. april 2013

Ytre og indre.


Er av den typen som synes niste er viktig.
Som her: grove rundstykker med ost og salat.
eller grovskjeve med smør og brunost.
Svært skjeldan kjøtt. Det er nestså ikkje min ting, dette med kjøtt på skjeve.
-men det skjer untak sjølvsagt.
Også til dette måltidet drikk eg te med mjølk,
fyrst etter middag sluttar eg å tilsetje mjølk i te eller kaffi.
-då synes eg at det blir for rundt, at den mjuke mjølka ikkje passar inn.
Då er det dei litt klåre og tydlege smakane som er ynskja i høve varm drikk.
Kva med deg?


I dag ville min aller beste bessen vore 90 år,
han var alltid så tydeleg.
Han vil alltid halde handa mi
-sånn nokre minuttar før eller etter måltid,
når me framleis satt ved bordet.
Hugsa neven min i hans store sterke neve.
Denne sterke neven som også skreiv sirlege brev fylt med kjærleik.
-alltid brev på gebursdagen.
Mitt navn skrive med hans håndskrift utanpå konvolutten.

onsdag 17. april 2013

.


tirsdag 16. april 2013

Me heiar på dagen sitt fyrsta måltid.

God morgon! Hei frukost!

God morgonVerdas finaste Villemo!

God morgon Verdas finaste Anna Margrete!

Frukost er ein favoritt.
Å sitje rundt eit bord i lag med nokon ein likar svært godt,
og å inta dagen sitt fyrste måltid.
Er knakande fint.

Og i dette tilfellet mangla det ikkje på smil eller raske rørsler.
Det ligg ei god kjensle der,
at i desse kroppane er det nok energi til å
oppleve dagen.
-kanskje i fart.

Me heiar på dagen sitt fyrsta måltid.

-oftast med svart te med mjølk.


mandag 15. april 2013

Er noko av det beste som er.

Anna Margrete og Villemo
klemmer kvarandre.
-me har i helgo vore i ei helg
fylt med varme.
Tilgjengelig varme.
Varme som er tydlege.
-som gjorde så godt,
langt inn,

Å komme til ein heim med plass,
til alt me hadde med oss,
av oss sjølve,
kor me var venta
og fekk tid.
Er noko av det beste som er.

torsdag 11. april 2013

lappekvelds med raud saft, venner og barnetv på Nrk

Lappe servering frå fine Nora

lappekvelds med raud saft, venner og barnetv på Nrk,

Linn er steike meister





Om ein ynskje,
er det rom for å vera litt harepus
eller berre heilt vanleg veldig fin.

onsdag 10. april 2013

Lappeteppe er stas.

Lappeteppe er framleis stor stas her på garden.

Heklar du?

God torsdag gode du!

torsdag 4. april 2013

Una Christina

I januar fekk min einaste bror si fyrste dotter.
Det er så uendeleg stort.
Namnet hennar er: Una Christina.
Una Christina er islansk/norsk,
og her på garden gler me oss til ho kjem på besøk!

Teppet på bildet hekla eg til ho.
-ho som er heilt ny.

onsdag 3. april 2013

ISLAND






Island.
Det er landskapet som gjer at eg mistar pusten.
Det overveldar meg.
Nærkontakt med jordas indre,
i alt det ope.
-det gjer vel at ein også rører ved sitt eige indre?