torsdag 24. mai 2012

Overgong: By-Bygdo.

Anna har blitt feira i barnehagen,
den finaste kruna kom ho stolt heim med!

Studentbyen gnistrar.
Det er idyll over det heile,
Det er samhold.
Det er barnelatter.
Det er basseng på bakken.
Det er middag ute, kvardag.
Det er felleskap.

Et fruktsalat til frukost:
jordbær, vassmelon, druer
og yoghurt!
Det er stas å lage til.
Frukost er veldig viktig for meg,
blir glad om du fortell meg om din frukost?
Det interesserar meg!

Nå flyttar Anna og eg herifrå,
det har vore eit svært viktig år.
Det har utvida.
Det har gitt styrke,
-det har plassert seg gode ting inne i meg.
Det kjennes ut som om det var det einaste muliga.
-essensielt, for livet.

Kjenner meg klar til overgongen,
det er så mykje eg ynskjer å ta fatt på!

Bygda nå!
-men også alltid litt Byen!

onsdag 23. mai 2012

Feiring og bunad.

Me har også feira 17 mai!
Det er ein festdag,
så me inviterte fort til prosecco og frukt,
på morgonen,
sånn etter frukost og få-på seg bunaden tid.

Som den stolte Sunnhordlendingen eg er,
bere eg sjølvsagt min vakre Sunnhordlandsbunad!
i Indre Hardanger.

Derimot desse to vidundera her,
småtassane våre,
i vakre små kreasjonar av Hardangerbunaden,
 er det meste på stel,
til og med skjorta er full av saum.
På lik linje med dei vaksne er saumen blitt tatt på alvor til barna,
dette likar eg sjølvsagt svært godt.

Feiringa var på garden og bygda den ligg i.
Fint.

tirsdag 22. mai 2012

Grytebrød

Grytebrød.
-har baka grytebrød i det siste,
fine og grove.
Det smakar utmerka og det er veldig enkelt,
treng berre litt planlegging.

Grytebrød
300 gr hvetemel
125 gr speltmel (eg vekslar her mellom fint og grovt)
3,5 dl vatn
0,5 ts tørrgjær
2 ts salt
Rør alt saman, til ein fuktig deig. La deigen heva under kjøkenhandkle i 12-24 timar.
Sett ovnen på 240 grader, med gryte med lokk under oppvarminga.
Slå deigen ut på kjøkenbenken, form deigen til eit rundt brød. La brødet kvila til ovnen er varm. Ta ut gryta, den er då svært varm, legg brødet oppi. Steik med lokk i 30 min, ta så av lokket og steik vidare i 15-20 min utan lokk.

Nyt så,
 nydeleg brød med hard skorpe til lunsj!


Kva er felleskap for deg?

Nå er Anna og eg i byen, men ein dag når me framleis var på garden(i helgo).
Så det litt sånn ut i eit lite augeblikk.
Me hadde besøk av to fine jenter, me satt på trappa,
smaka på muffins med havregryn, blåbær og eple som Anna ig eg hadde laga.
Snakka om felleskap, korleis det kjem og kva som ligg i det, og om kor viktig det er å sjå kvarandre.
Dei små store jentene utforska blomane,
muffinsen, sandkassen,
reila og alt som måtte passe inn, der og då.

I ettertid er eg så glad for dette bildet,
det rundebordet,
tydlege spor.

Kva er felleskap for deg?

mandag 21. mai 2012

2 år!




Fina kjekka gode Anna Margrete vår
er Sjølvsagt blitt feira!Det er faktisk ingen det er meir stas å feira!
At ho kom og er.
Så vidunderleg, så volsomt, så utforskande
STOR gleda.

Tusen
takk for dei fine meldingane på forje innlegg,
det varma.



søndag 20. mai 2012

Dette huset her, er eit av mine favoritt hus!

Dette huset her,
er eit av mine favoritt hus!
inne i det,
kan dette vente meg
og samtalen,
som ikkje er muleg å gjengi


-det ligg berre ei så stor gleda i den,
for kvarandre
om kvarandre
-for så å gå heim,

i noko så stort som dette.

God søndag alle gode lesarar,
det varmar med alle dei fine komentarane
som er.




torsdag 17. mai 2012

Hurra: 17 mai!





Med desse vakre jentene,
ønskar eg
 deg ein
fin
17 mai.
HURRA!

tirsdag 15. mai 2012

15mai 2010

Hipp HURRA for Verdas vakraste Anna Margrete som er 2 vidunderlege år i dag!!

søndag 13. mai 2012

Tilstand.







Dette for å gjere dagane tydlegare.
For å sjå at dei kjem,
at dei er her

lørdag 12. mai 2012

To Favorittar i sentrum av verdas finast bygd: Skånevik.

To Favorittar i sentrum av verdas finast bygd: Skånevik.

-det skal mykje til
i form av opplevingar og erfaringar.
At nokon stad slår
Skånevik sin plass i meg.

Dei to favorittane er uslåelege!

fredag 11. mai 2012

Unik.

Unik.

"Eg trur kunsten kan vera eit virkemiddel for elevane
å oppdage
si
heilt
Unike
  stemma."



torsdag 10. mai 2012

Det er fint å tenkje på at det kjem jordbær i år også.

God helg Godt folk!

-dette er frå i fjor sommar,
det er fint å tenkje på at det kjem jordbær i år også.

onsdag 9. mai 2012

Om kor viktigt det er med god fagkompetanse grunnskulefaget: Kunst og handverk!




Inne i mellom eksamens lesing, er dagane litt slik.
Alltid frukost.
Har stikka vest til Anna mi ferdig.
Hatt besøk av flotte jenter:
som kan sy bunad, strikkar fram dei vakraste plagg,
ei med nesten ny baby i magen
og
dei er alle
 er gode
 på
livet.

Også tankane om kunst i skulen,
om kor
viktigt det er med god fagkompetanse i grunnskulefaget: 
Kunst og handverk!
for å gje grunnlag for danning av kritisk tenkande menneske.
Det ser  ut for meg at dette er ein kamp å kjempe,
om faget skal få den plassen og statusen det fortjener!

søndag 6. mai 2012

HURRA!

I dag er det komme ein heilt ny gut til verda.
11 timar etter mamma hans forlot vår heim,
var han er ute hos oss. HURRA!

I dag har Anna si einaste finaste fasto gebursdag. Hurra!

Bildet er frå i fjor sommar,
Anna mi i lag med mine søskenbarn.
I besto og oldebesto si seng.

fredag 4. mai 2012

God helg kjære du!

God helg kjære du!
-håpar det er godt å vera der du er.

Så fint at du er innom,
det varmar.

torsdag 3. mai 2012

Litt sånn var helga.

Tilbakeblikk på helgo:
Me planta eitt epletre, i min barndomsheim sin hage.
Anna sikrar her om at det er skikkeleg gjort.
Far til Anna er Fruktdyrkar.
Men det er Anna som tar siste sjekk!

Dette er kjøkenvindauga til ein av mine heimar.
Barndomsheimen.
Eg er tydpisk heldig som har fleire stadar å kalle heim!

Denne har eg stikka til Malvin!
Malvin er heilt ny!
Han er svært velkommen!
Han er veldig sterk og veldig liten, me likar han allerede!

Dette ser me frå stovevindauge i heimen,
dette lyset kan gi ei stor lengt, når eg ikkje er i desse romma
eller denne bygda.

Det var ei sånn helg,
kor me prøvde ut grytebrød og var mange til frukost.
Levde litt om natta også,
denne helga.

Og Nora vår hadde bursdag!
6 fantastiske år!
Denne gåva blei levert på døra hennar.

Anna gav mange smil.
Ho elskar å fly!

Og på veggane heng det ulike typar bilder, som fotografi, teikning, trykk eller måleri.
Eg likar svært godt denne veggen her.

Litt sånn var helga.
Rett og slett god.

Har du ei god oppskrift på grytebrød?
Eller på ein god dag?

onsdag 2. mai 2012

Dette er Lene.



Dette er Lene.
Mi barndomsvennina Lene.
Lene som eg har drukket litervis med flaskebrus med sugerrør i lag med,
som gjekk over til litervis med vin!
Lene som framleis er sterkt,
i min sirkel.
Barndomsveninner er Fantastiske!

NÅ:
Varmar det seg ein liten baby inne i Lene!
-for andre gong.


Det er ikkje til å komme vekk i frå:

DET ER MAGI.