søndag 11. mars 2012

Prosjekt: Eitt fotografi om dagen, mars2012, del 3

08.03.12: Himmel.
Dette var himmelen denne dagen.
Det kjennes ut som om det ikkje er så mykje
å sei om den. Om himmelen her.
Utan at den lovar vår,
for klokka er her nærmare 18.00.

09.03.12: daglegrutine.
Kva morgon,
 så og sei,
om ikkje tida kjem for fort
så drikk eg te.
Svart te med melk.
og dette er viktig:
Tehaldaren skal vera oppe i koppen når den blir fylt
med vamt vatn.
Dette får teen til å trekke sikkeleg.
Og tehladaren skal vera ute av koppen
når eg tilsetjer melk.
Sånn likar eg det.
(bildet er frå garden)

10.03.12: Barndom.
Dette fotografiet er det vakraste fotografiet
frå min barndom.
Det er min pappa som ser på
mamma
bror Christian
og eg.
Me er på mamma sin barndomsgard,
det er sommar.
Og eg tenkjer det symboliserar dei to
 T-ane
som var sentrale i min barndom:
Tryggleik + Tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar