onsdag 28. september 2011

Frå måltidar som har tatt stad i godt selskap.








Dette er ein serie bilder av måltid som har tatt plass her i Bergen, i eit veldig godt selskap. 

søndag 25. september 2011

Fordi:

ho kjem inn i tankane når eg tenker på havet og for eg savnar stemma hennar og rørslene i fingarane når ho snakkar eller syng. Ho syng songar for meg, stille på ord eg ikkje kjenner, ho har synge songar i senga på toget i gongen. Ho trur på kjærleiken. Sterkt.

lørdag 24. september 2011

Anna likar:

-sølepyttar, fleecejakka si, joggeskor og brokkoli

plastilina, drømmehagen, matlaging og vatn
-vatn som i springen, i dusjen, i fjorden, i dammen utanfor huset, i regn og i bøtta som har stått ute i regn

is(is som dessert eller is som ein plutseleg berre et for det er så godt), tannkost med tannkrem til å suge av
og Bø&Bæ

klemmar og musikk med trommer
og
ho dansar med heile litle store kroppen sin



God laurdag i regn.

ka likar du?

torsdag 22. september 2011

I dag heiar eg litt på:










Dette er ein liten bilde kavalkade:
 om ein samla famile på fira,
 ein himla bra familie på fira!

 Mi oppleving er at mange familiar ikkje har bilder av gjengen samla, for nokon må vera det auga som ser inn.
Det var stas å sjå desse bilda i lag, så at tida går, sjå at me veks
framleis og kanskje
sterkare
mot
kvarandre.

I dag heiar eg litt på:
familien.



korleis og kva
 familie,
-det vel du sjølv

om du også heiar

tirsdag 13. september 2011

-det er slik som sitt att og utvidar.

Det er i ei stove på Cuba, eg er solbrent og det er dagen etter bursdagen min som er i desember, tven surrar i bakgrunn og det er ei lita jente på kanskje ni som tar bildet, ho bur i huset som me er i og neste dag går ho og eg på museum saman, hand i hand, med kroppen som vårt språk. -det er slik som sitt att og utvidar.

mandag 12. september 2011

.

.

søndag 11. september 2011

Det er søndag.






Det er søndag og haust og dette er bilder frå dagar som alt har vore,
nå sover Anna og det er stille i tunet.


fredag 9. september 2011

-små samtalar som sakte lagar nye samanhenger-

Her satt eg tirsdagsmorgon, det var fyr i den opne peisen, det var klar luft ute som lova oss haust, det var nye spennande mennesker, det var te i koppen og små samtalar som sakte lagar nye samanhenger. Det var ultra godt!

torsdag 8. september 2011

-som gjer at det er godt å vera der





Stundo kjem det møter,
som det er ein god varme i, som gjer at det er godt å vera der,
i møtet.

Takk for det!

søndag 4. september 2011

Tuntreff+leik=søndagsgodt!




Tuntreff + leik = søndagsgodt!

lørdag 3. september 2011

Me er på veg på tur, det er i ein overgong som no.

eit bilde som er tatt for nokre år sidan, det viser mi gode veninne Kjersti.
Me er på veg på tur, det er i ein overgong som no. Huskar denne turen spesielt godt,
huskar kor me gjekk, huskar kva ho hadde i lomma si,
huskar at eg var glad for ho
og framleis er.

fredag 2. september 2011

Me er i ein overgong, -frå sommar til haust.

Overgongar er gode synes eg. 
Vel meg dette fotografiet frå arkivet mitt, til dåko! 
Sug inn sommaren 
og la den bli der inne,
- ta no inn hausten.

torsdag 1. september 2011

-Nokre fine matminner frå sommaren 2011-










-Nokre fine matminner frå sommaren 2011-