mandag 31. mai 2010

*magi*



Vetla jento kom heim til ein gard i full blom.

Gode og nære mennesker kom,
dei laga fest for ho
-og alt det nye.

Det er godt å bli tatt vare på.

Dagar etterpå er champangen blitt opna,
fleire gonger,
for ho er magi.
Og sommaren kjem.










fredag 28. mai 2010

*dei nye lydane*

Det er komen ei lito jenta til garden,
det er så stort.
Dagane er framleis stille, fine og stille.
Lyttar til hennar lydar.
Dei nye lydane.

onsdag 12. mai 2010

*9*

Besto mi:

eg tenkjer mykje på besto mi desse dagane
ho har ni barn og 27 barnebarn og 11 oldebarn
tenkjer på alt ho har venta på sine sju jenter og to gutar
ho bur på gard, eg bur på gard
Me ventar her i Sørfjorden og besto ventar i lag med oss frå øya si på sitt 12 oldebarn.
Eg gler meg til stolt visa fram knøttet til den fina fina besto mi.

mandag 10. mai 2010

*stopp+stille*


Det er som stopp.stille
-dagane kjem sakte-
eg er sakte
kva gjer ein?
Når ein ventar så intenst?

fredag 7. mai 2010

*raudt+lilla*


Noko blir raudt

anna blir lilla.

Dagen: venniner+te
raudt+lilla
i hagen

*turkis i badet*


Badar i fargar,
ventar,
lyttar til CoCo Rosie "Grey Oceans"

torsdag 6. mai 2010

*frå heimen*





-frå kjøkenet vårt-

onsdag 5. mai 2010

*Litteratur*


Desse to forfattarane står høgt hos meg,
dei er svært viktige!

Bøker for mai:


"Imitabilis" av Janne Marie Fatland




"Eg kjem med toget" Ingrid Z. Aanestad


Og dette vidunderliga skjer i Odda i Oktober 2010:

Kor DENNE forfattaren KJEM:

lørdag 1. mai 2010

*

stille.