torsdag 29. april 2010

*ventetid02*

Me ventar meir,
og gjer litt av detta:


-lagar gebursdagsgåver!

Jento på nabo garden er 4 år!! -Hipp HurrA!
Teikninga har ho teikna på når ho har vore på besøk her på garden,
-kanskje i nærmare eitt år. Nå får ho han heim i nymåla ramma.

-et non i lag med Han.

Kler meg i blomar for å feira ei som er veldig veldig flott!
Kler meg i blomar og vernar om det som kjem.

*ventetid*

Stundo er det som om dagane ikkje kjeme.
At dei lar seg venta på.
Me er på ei reisa, eg som lugar til eitt heilt nytt menneske.
Dagane kjem sjølvsagt, og i desse dagane:


Heklar eg.

Finn eg skattar på loppemarked i Odda.
Badar eg mykje, morgon og kveld, med te i koppen og badekuler (desse frå Lush!)
Besøker nye heimar
-kor eg kjem til duk og dekka bord. Heldige meg!

mandag 26. april 2010

Helg = Odda og tradisjonar



Reiser til Odda på loppemarked i lag med denna fina tøtto og mammo hennar.
Me finn små skattar og etterpå er det kafe.
Me likar Odda! -me jentene og ein liten gut i frå fjorden!



Også var det tradisjonar.
Han i Sørfjordbunad, me følgjer ein liten gut til dåp.
Me er så stolte!

Måndag: Hakkasteik, raudbetar og ferske potetkakar til middag.
(festmat i Hardanger, ganske nytt for meg som Sunnhordlending)

fredag 23. april 2010

*kjærleik som kom med posten*

I dag er heila mitt hjerta blitt varma,
blei rørt og uendelig glad for kjærleiken som låg å venta på oss i postkassen i dag.
Tusen Tusen Takk Tante!!

torsdag 22. april 2010

*sommaren kjem*

-gler meg til sommarkveldar.
I lag med han,
i lag med jentene
og sjølvsagt i lag med babyen.

foto: mitt

onsdag 21. april 2010

*onsdag*

Magen veks og eg likar blomar.

tirsdag 20. april 2010

*


Lagar skinkepai til lunsjgjest, pyntar bordet.
Gler meg.
Ho kom,
og timane kom fortare,
me snakka om val, kjærleik og om å ta i bruk vårsko.


Måndag: steik fersk fjordfisk til middag, han og eg.

mandag 19. april 2010

*Eldrid Lunden*


Eg er Anna, eg er tjueåtte
år, eg er synleg
mot entredøra kvar morgon, ei open
rørsle i lufta.

Eg er Anna, eg er tjueåtte
år. Eg tenker oftare og oftare
på at eg er synleg mot entredøra
kvar morgon, så sit eg i bilen.

Eg er Anna, eg har
ein flekk på tunga
det er eit ord der, det
veit eg.

Det er stille i skogen
om hausten, blikket hennar
ein klår drope over huda.

Eg er Anna, eg kjenner
tyngre og tyngre luft over
hovudet, eg veg mindre og
mindre for kvar dag.

Ein morgon eg kjem ut
har fargen i lufta kome litt
nærmare, i det eg snur
meg og låser døra, høyrer
eg kanskje bremser frå
ein bil.

Stimar av væte på overflata, vår
vesle grå væte, ytterst
i porene.

Det er mange blanke
motseiingar i sjøen, i dag
er det dei langsgåande linjene.

Eg er Anna, eg ser
gult gras innover strendene, og kvite
fuglar mot stormen.

Eg flyt nodover vegen og lyset
noe lett kom med lyset som eit
blaff på vekta, så opnar eg
klærne og lyset styrtar ut
av kroppen min.

Eg står på vegen, med
vinden spinkelt langs
meg, ganske enkelt.

Mammy, Blue (1977)



(mykje starta her for meg)

lørdag 17. april 2010

*kjærleik*

Nokre dagar er eg ekstra heldig.
Eg kjem inn i heimar og får lov til å sjå kjærleik som detta.

foto: mitt

*rosa*


Det er laurdag og ute regnar det,
badar i rosa rosevatn,

varmt vatn om kroppen.
Nå frukost hos god veninna. Fint er det.

2,5veke att.

God laurdag til dåko!

fredag 16. april 2010

Kontrastar02


Tenker på det som har vore,
tenker på det som kjem



Polaorid bilder frå Serien: Lyder Sagens, eitt foto pr dag i mars 07
(-hmm, kanskje det er eitt nytt prosjeket, her på garden)

onsdag 14. april 2010

*Ventetiddagar*





-åå, me gler oss-

foto: mitt

tirsdag 13. april 2010

Mammo har vore på besøk, om morgon nyt me detta:


i lag i sengo.

foto: mitt

fredag 9. april 2010

*fryd*

Det var fredag med sol i håret. Huset eg kom til hadde bursdaggut som var på skulen og eg skulle fotografera denna litla fina jento. Mammo hjalp meg, me hadde det kjekt! Etterpå fekk eg lunsj! Detta er berre stas!
God helg godtfolk!

torsdag 8. april 2010

"Under eitt minutt"(2010)



Foto: mitt

onsdag 7. april 2010

Vindauger.Auger




Foto: mitt

tirsdag 6. april 2010

I dag har eg tenkt mykje på

å dansa i
nye kjolar


foto: mitt

mandag 5. april 2010

*stjernegut*

Han likar fart og tid.
Eg likar han.

*frå ein hage full av blomar*

Han og eg nyt utetimar
Tilbake på garden, kjem heimatt med ein pose full av snøklokker (gåve frå ei som var mi lærererinna -ho er vel eigentleg det litt enda, ho har ei flette av tjukt blankt brunt hår som ligg langt ned på ryggen, ein hage full av blomar og eit hus med lydar av ro)

*4 veker*



fredag 2. april 2010

*påske*


Påsketorsdag+gjester

torsdag 1. april 2010



Foto: mitt